jan
19
2009

Todalen i desember 2008 - foto: Jon Olav Ørsal
Det er fleire som har teke kontakt med ønske om at vi legger ut spørsmåla som vart bruka til spørjekonkurransen under Romjulsmarsjen 3. juledag. Der fekk vi god respons på konkurransen og det var Line Kvendset, Sigrid Talgø, Johan Ranes og Marit Ingeborg Ansnes som vann. Utruleg mange hadde alle svara rett.
Her finn du Romjulsquiz for nedlasting som PDF. Og her finn du Fasit
Les resten »
jan
11
2009
Sammen med 12 andre kunstnere deltar Toril Redalen på utstilling i Molde i tidrommet 10. januar til 15. februar.
Vi lar pressemeldingen tale for seg, og den finner du her: Pressemelding
Utstillingen holder til i :
Kunstnersenteret i Møre og Romsdal
Sandveien 4,
6404 Molde
Åpningstider: tirsdag-fredag 11-16 - lørdag/søndag, 12-16
Ta turen innom hvis du er i Molde!
jan
11
2009
Etter 3 dagar utan telefon er det igjen forbindelse inn til Todalen. Mildværet har nok vore ein god hjelpar til å smelte bort isen på sendeutstyret på Strengen.
I 17-tida torsdag var Telenor på nettet igjen både med fastnettet og mobil, og litt seinar kom også Netcom på lufta.
Dei som bruka IP-telefoni i breibandet til Svorka Aksess var ikkje berørt av telefonproblema.
jan
01
2009

Vi ønskjer alle våre lesarar eit god nytt år!
Samtidig vil vi nytta høvet til å takke alle som har vore med og gjort jubileumsåret 2008 til den suksessen det vart. Alle har bidrege, kvar på sin måte, og vi har opplevd ein enorm respons på alle våre arrangement gjennom året. Takk til dykk alle!
I løpet av januar vil vi komme med siste nummer av Jubileumsposten, der du vil finne omtale av arrangementa i jula og ei oppsummering av jubileumsåret.
des
29
2008
5. juledag var det tradisjonell juletrefest i skulen. Juletrefesta i år var nok likevel litt spesiell, da dei har slege på stortromma og sett opp skodespelet ”Folk og røvarar i Kardemomme by” av Thorbjørn Egner.
Les resten »