Starten
Todalen Idrottslag vart skipa i 1907, men vart først meldt inn i Noregs Idrettsforbund året etterpå og feirar på det viset 100 års jubileum i 2008. Den første formannen var Sverke Talgø, og laget dreiv med gymnastikk og turning, skisport, skeiserenn og fotball. Hoppbakken anno 1907 låg ved Storfossen, medan skeiserenn vart arrangert når fjorden fraus til. Hoppbakken vart seinare flytta til Ørsalbakken, og i det området er det enno aktivitet sjølv om hoppbakken er nedlagt. For allereie i 1968 fekk bygda, som ein av de fyrste i Noreg, ei 900m lang lysløype her. Slik har skisporten helde seg på beina både i organisert form med renn og merkjetaking og det bygdefolk sjølve legg opptil i dei oppkjørte løypene.
Både for fotballen og friidretten har Bordholmen spela ein stor rolle. Ikkje få dråpar med sveitte har her treft graset og grusen oppigjennom tidene, både i spel, kamp og dugnad. Store drama og imponerande sportslege prestasjonar har utspela seg med trufaste tilskodarar tilstades på tribunane. I dei seinare åra har Todalshelga vårte til ein dag med aktivitet på Bordholmen, og Todalsdagen er no eit av dei største arrangementa Idrettslaget har i løpet av eit år. Gledeleg er det å sjå at her det dei yngste som sørgjer for stor aktivitet, så framtida kan sjå ljos ut for Todalen Idrottslag også i åra framover!
Eit arrangement kvar månad i jubileumsåret har vore målet for hovudkomiteen i jubileumsåret 2008, og så langt har dette vore gjenomført. For jubileumsåret er no godt i gang, og enda er det eit rikhaldig program med noko for alle i vente.
Og med alle meiner vi bl.a. unge og eldre. Aktive medlemmar og støttemedlemar. Dei som aldri tok meir enn bronsemerke i skimerke, og dei som har eige premieskåp. Dei som hugsar Todalshelga, og dei som berre har høyrt gjetord. Dei som likar gulsaft betre enn raudsaft, og dei som enda hugsar smaken av XL1 og handballklister. Dei som går både Kjerringdilten og Romjulsmarsjen og på fleire trimbøker kvart år, og dei som eigentleg ikkje heilt veit kva Todalen Idrettslag står for.
Følg med – her er enno mykje bra i vente!