aug 26 2009

Trollheimsmarsjen 2009

Av Jon Olav Ørsal

Stian Bruset 

 Stian Bruset reklamerer for Trollheimsmarsjen

Søndag 30.  august er det klart for ny Trollheimsmarsj frå Todalen til Ålvundeidet.

Påmelding og start er på Bordholmen mellom 08.30 og 11, og målgang på Leikvoll på Ålvundeidet innan kl 17.00 på søndag ettermiddag.

Det blir sett opp bussar for å frakte folk fra Leikvoll til Todalen før start. Den første bussen går kl 07.45 frå Leikvoll. Etter målgang går det også buss til Todalen.

Arrangøren oppmodar alle til å ta med rikeleg med mat og klede for turen. Det blir fort kaldt når ein kjem opp i høgda og da er det god å finne klede i sekken. Mat bør ein ha for minst to matpausar, for turen over fjellet er på ca13 km, og tek nok 5 timar i turisttempo med pausar i tillegg.

Dersom det er behov for meir info så ligg PDF av Plakaten her

Oppdatert informasjon vil ligge på www.todalen.no