jul 16 2009
Trimkassen på Storhaugen sprengt i filler
Det har vore mykje lyn og torden dei siste dagane, og trimkassen på Storhaugen har fått seg ein skikkeleg smell.
Jon Bruset har teke nokre bilete av kassen og området rundt, og det er lett å sjå at det har gått hardt for seg. Godt at det ikkje var folk i nærleiken da det small som verst. Nedafor kan du sjå bileta i galleriet.
Lynet har sikkert slått ned i furua der kassen står, og gått gjennom kassen og videre etter ein gammel strengutgard som går over myra. Den har slutta i enden av utgarden som er festa i ei furu på andre sida av myra. Over myra er det på det neraste laga ei grøft.
Ta turen og sjå på “tildragelsen”, ny trimkasse er på plass på Storhaugen!
Foto: Jon Bruset
