apr 20 2009

Nye drakter og stor stas!

Av Jon Olav Ørsal

Knøtter

Knøtter og miniputter framfor målet på Bordholmen.

Måndag kveld var det stor stas på Bordholmen, for da var det utdeling av slitter nye drakter til knøttelaget og minputtlaget. Knøttene fikk kvite trøyer og skal i sommar spille for Todalen, medan miniputtene skal stille lag saman med Søya og fekk blå og kvite drakter. Og heile gjengen gler seg til Todalsdagen for da skal dei verkeleg få vist kva dei duger til.

Dei nye draktene er eit resultat av gåva på 10.000 kroner som laget fekk frå Gildefondet i fjor. Det skulle brukast til utstyr for dei aller minste og her er altså resultatet. Laget fekk draktsett til alle og i tillegg vart det både sekk til utstyret og ein fin fotball til kvar.

Fotballsjef Bjørn Hauglann samla troppene i fotballhuset på Bordholmen og orienterte om utstyret og kriteria for å få utstyret. Etterpå var det sjølvsagt fotosesjon på banen.

Så er det berre å legge seg i trening til kampane i sommar!

Her er det fleire bilete…