apr 11 2009

Todalsdagen - laurdag 4. juli

Av Jon Olav Ørsal

Bordholmen 

Laurdag 4. juli blir det ny Todalsdag på Bordholmen. Det blir opplegg etter tradisjonelt mønster fortel ledar Nils Ove Bruset og fotballgeneral Bjørn Hauglann.

Hovudinnslaget blir som tidligere fotball for dei aller minste. Tilsaman rekar Bjørn Hauglann med at rundt 40 lag med 400 knøttar, miniputtar og lillegutt/-jenter kjem til å delta på årets fotballturnering.

Bjørn fortel at dei kjem til å fyre opp storgrillen og ordne skikkeleg grillparty i høve Todalsdagen. Det kjem også til å bli loppemarked,  og lynlotteri med fine gevinstar denne dagen.

Så her er det berre å sette av denne dagen til ein triveleg festdag på Bordholmen. Reknar med at Nils Ove og Bjørn sikrar seg med vêrgudane slik at vi får ei skikkeleg finvêrshelg.

Vi kjem att med meir informasjon etter kvart!

Ny kommentar