apr 01 2009

Ny trimsesong

Av Jon Olav Ørsal

trim-09-005.jpg 

Det er ny trimsesong, og bøkene er no på plass på trimpostane rapporterer trimgruppa.  1. mai vart årets første fellestur arrangert til Ansnessetra.  9 deltakarar var med på turen som vart leia av Jon Bruset frå trimgruppa.

Det er i år plassert ut trimbøker på følgjande plassar: Naustådalssetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet, Fauskhjellen, Ansnessetra, Gammelsetra, Haukarsteinen, Løfta og Bjøråskaret.

Hald deg i form og kom deg ut på trim. Du kan konkurrere om å få flest turar på dei forskellige trimpostane, eller du kan konkurrere med deg sjølv.

Velkomen til å bli med i alle fall!

Alle foto: Jon Bruset                                                                                                      Trimgruppa.