feb 22 2009

Nils Ove Bruset vart ny ledar i Todalen idrettslag

Av Jon Olav Ørsal

Leiarskifte

Ledarskifte - Nils Ove Bruset tek over etter Terje Talgø


På årsmøtet i T.I.L. søndag 22. februar vart Nils Ove Bruset valt til ny ledar i laget.
Terje Talgø som har vore ledar de siste sju åra ønska avløysing og etter valet er arbeidsutvalet (styret) samansett slik:
Leiar Nils Ove Bruset                               (1år)
Nestleiar Monika Klungervik                     (2år)
Kasserer Ingrid M R Talgø                        (1år)
Sekretær Kristen Bruset                          (2år)
Laget kan sjå attende på eit aktivt år, der jubileumsfeiringa sjølvsagt har sett sterkt preg både på aktiviteten og økonomien. Laget har ein solid økonomi med over nærare 650 tusen på bok.
Årets resultat på 353 tusen er nok ekstraordinært på grunn av jubileumsfeiringa som åleine bidrog med 191 tusen.
250000 til opprusting av anlegga
På årsmøtet var det gjort vedtak om å bruke 250 tusen på opprusting av anlegga i 2009-2010. Mellom anna er det stort behov for å renovere sanitæranlegget i Ungdomshuset.
Nytt skianlegg
Det er også arbeid i gang med planer for nytt vinteranlegg på Tjønnmyran. Dersom dette går i orden vil det nok bli ei stor oppgåve for laget. Men klimaendringane og tida har nok innhenta den gamle lysløypa i Ørsalbukta.
Namneendring

På årsmøtet var det gjort vedtak om å endre lagets namn til Todalen idrettslag. Idrottslag er nok ein gamal og konservativ skrivemåte og vi seier nok idrettslaget i daglegtale også.
Oversikt over tillitsvalgte
Her kan du sjå ein oversikt over dei tillitsvalgte i laget