feb 16 2009
Siste jubileumsposten er på veg
Jubileumsposten nr 8 er på veg ut til postkassane rundt om i Todalen, og til todalingar andre plassar i verda. Dette er den siste jubileumsavisa som kjem i høvet 100-årsjubileet til Todalen I.L.
Dermed er ein epoke over, og vi tek fatt på ein ny. For Todalen I.L. er sprek som aldri før, og laget tek fatt på eit nytt hundreår med godt mot og nye ambisjonar.
Nettsida vil vi prøva å halde liv i ei tid framover, til det vert teke avgjerd om kva som skal skje vidare. Det har vore diskutert fleire alternativ til løysing.
Dette kjem vi attende til etter kvart, så det er berre å følge med på nettet.
Her kan du laste ned Jubileumsposten nr 8
Vi du lesa tidlegare utgåver er det berre å gå til sida “Jubileumsposten” og laste ned den utgåva du ønskjer.
