feb 15 2009

Helsing fra Sunndalsøra

Av Jon Olav Ørsal

livkvendset_kort.jpg 

Frå Liv Kvendset på Sunndalsøra (.. og dotra Inger som har ført helsinga i pennen) har Jubileumsposten fått ei hyggeleg helsing. Liv er 94 år og både ser og hører dårleg, men skriv at ho har sett stor pris på Jubileumsposten. Liv har studert både bilder og tekst med lupe og hatt stor glede av dette. Kort frå Liv

Tidlegare har vi fått eit økonomisk bidrag til å gje ut Jubileumsposten fra Liv, og redaksjonen takkar både for gåve og helsing, som vi sett stor pris på.

Gjennom året har vi fått mange tilbakmeldingar fra utflytta todalingar, som har sett stor pris på at dei har fått ta del i idrettslagets jubileum gjennom Jubileumsposten.

Redaksjonen takkar alle som har ytt bidrag til både Jubileumsposten og til nettsida gjennom jubileumsåret. På grunn av plassmangel er ikkje alt kome på trykk, men vi har teke var på alt som etter kvart vil hamne i jubileumsarkivet.