Arkiv for februar, 2009

feb 22 2009

Nils Ove Bruset vart ny ledar i Todalen idrettslag

Leiarskifte

Ledarskifte - Nils Ove Bruset tek over etter Terje Talgø


På årsmøtet i T.I.L. søndag 22. februar vart Nils Ove Bruset valt til ny ledar i laget.
Terje Talgø som har vore ledar de siste sju åra ønska avløysing og etter valet er arbeidsutvalet (styret) samansett slik:
Leiar Nils Ove Bruset                               (1år)
Nestleiar Monika Klungervik                     (2år)
Kasserer Ingrid M R Talgø                        (1år)
Sekretær Kristen Bruset                          (2år)
Les “Nils Ove Bruset vart ny ledar i Todalen idrettslag”

feb 16 2009

Siste jubileumsposten er på veg

JP Side1

 Jubileumsposten nr 8 er på veg ut til postkassane rundt om i Todalen, og til todalingar andre plassar i verda. Dette er den siste jubileumsavisa som kjem i høvet 100-årsjubileet til Todalen I.L.

Les “Siste jubileumsposten er på veg”

feb 15 2009

Helsing fra Sunndalsøra

livkvendset_kort.jpg 

Frå Liv Kvendset på Sunndalsøra (.. og dotra Inger som har ført helsinga i pennen) har Jubileumsposten fått ei hyggeleg helsing. Liv er 94 år og både ser og hører dårleg, men skriv at ho har sett stor pris på Jubileumsposten. Liv har studert både bilder og tekst med lupe og hatt stor glede av dette. Kort frå Liv

Les “Helsing fra Sunndalsøra”

feb 14 2009

Årsmøte i T.I.L. søndag 22. februar

Todalen Idrottslag har kalla inn til årsmøte i Ungdomshuset søndag 22. februar kl 19.30.

Fullstendig sakliste finn du som oppslag på ICA Todalen frå 9. februar. Elles står det på innkallinga at den som vil fremje saker som skal handsamast på årsmøtet, eller seie frå seg tillitsverv må levere dette skriftleg innan 8. februar.

Todalen I.L., hovedstyret.

feb 13 2009

Velkomen til Skalkfesta

Da påmeldingsfristen gikk ut var det 80 påmeldte til Skalkfesta laurdag kveld 14. februar. Medrekna komiteen vil vi da bli nærare 100 personer og det er bra oppslutning.

Festa startar kl 20, med julemiddag til alle. Vidare blir det høve til ein svingom til musikk fra Norfolk.

Velkomen til ein triveleg kveld med endeleg sluttstrek for T.I.L’s hundreårsmarkering.

Neste »