jan 11 2009
Todalen har summetone igjen!
Etter 3 dagar utan telefon er det igjen forbindelse inn til Todalen. Mildværet har nok vore ein god hjelpar til å smelte bort isen på sendeutstyret på Strengen.
I 17-tida torsdag var Telenor på nettet igjen både med fastnettet og mobil, og litt seinar kom også Netcom på lufta.
Dei som bruka IP-telefoni i breibandet til Svorka Aksess var ikkje berørt av telefonproblema.