Arkiv for desember, 2008

des 15 2008

Jubileumsboka - mykje god historie

 todalenil100_forside.jpg

Det har vore godt salg av jubileumsboka som vart lagt ut for salg på 100-årdagen til Todalen idrottslag den 22. oktober.

Her er det samla mykje god idrettshistorie på 128 sider med tekst og mange bilete frå heile 100-årsperioden, og dei alle fleste vil nok kjenne seg att i dette stoffet.

Les “Jubileumsboka - mykje god historie”

des 10 2008

”Todalen i hoinner” - Billetter i salg frå måndag

 Revygjengen

Øvingane er kome igang, og aktørane er på ”hugget”: Frå venstre Øystein Moe, Kristine Saksen, Einar husby, Kikki Moe, Rune Moe, Nils Ove Bruset, Endre Talgø, Håvard Halset, Frode Grønmyr og Kristian Gjeldnes.

”Todalen i hoinner” er namnet på årets julekabaret, som skal ha to forestillingar i Todalen ungdomshus 3. juledag - 27. desember. Dei sett dermed sluttstrek for alle jubileumsarrangementa som har gått gjennom heile året.

Endeleg skal det bli eit skikkeleg jubileumsarrangement, sier Rune Moe i underhaldings-staben. Han fortel at dei no er kome i gang med øvingane og skrivearbeidet er på det neraste ferdig. ”Todalen i hoinner” er sterkt inpirert av jubileumåret, og vi vil nok få høre mykje song og musikk gjennon forestillinga. I tillegg vil kjøkkenet halde ein høg profil, sier Rune Moe.

Billettsalget startar måndag 15. desember på ICA Todalen Les “”Todalen i hoinner” - Billetter i salg frå måndag”

des 09 2008

Jubileumsboka blir årets julegåva?

 kariborghild_5646.jpg

Kari Kvendset og Borghild Talgø driv boksalg

Etter to veker med salg av jubileumsbøker kan vi melde om stor interesse og salget nermar seg fort 300 bøker! Interessa var sjølvsagt størst dei første dagane, med full pressedekning både i Driva og Tidens Krav. Dei hadde mesta ei heil side kvar med omtale av lanseringa.

Nærare hundre bøker vart selt første dagen, og sidan har det gått jamnt unna etterpå også, seier jubileumssjef Kari Kvendset.  Men det er enno mange att, og det er berre å legg turen innom ICA Todalen eller bestille hos Kari. Ta ein telefon (92844842),  eller send ein e-post ( karikve@svorka.net ) så sender vi i posten.

Les “Jubileumsboka blir årets julegåva?”

des 08 2008

Kornbandsalg på ICA Todalen

Kornbandsalg 

Framfor: Ida T. Roaldset og Ola Kvendset. Attafor: Håvard Halset, Olav Mogstad og Edvard B. Sæterbø

Førstkomande laurdag (13/12) treffer du medlemar frå Start 4H som skal selge kornband og juletre på ICA Todalen. Dei vil vera på plass i tidsrommet 10-16 denne dagen, og da får du eit lokalprodusert julenek for ein femtilapp. Les “Kornbandsalg på ICA Todalen”

des 07 2008

Julerevy- og romjulsmarsj

Skrivargjengen 

Julerevy har liksom tradisjon her i bygda. 3. juledag er vi sjølvsagt på banen med ein ny revy. Da startar vi tidleg på dagen med romjulsmarsj (start i tidsrommet 11 - 14) og så blir det to forestillingar med revy. Kl 15 er det ei forestilling for dei godt vaksne og seinar kl 20 er det forestilling med full pakke med både ein god matbit og altså revyforstilling og dans etterpå.

Les “Julerevy- og romjulsmarsj”

« Forrige