des 29 2008
Folk og røvarar på juletrefest
5. juledag var det tradisjonell juletrefest i skulen. Juletrefesta i år var nok likevel litt spesiell, da dei har slege på stortromma og sett opp skodespelet ”Folk og røvarar i Kardemomme by” av Thorbjørn Egner.
Rektor Dordi Jorunn Halle fortalde at dette er ein del av heildagsskuleprosjektet, der dei sidan oktober har bruka kulturtimane midt på dagen til øving. I førebuingane har dei hatt god hjep av Bernt Bøe som egentleg var initiativtakar til prosjektet. I tillegg til lærarstaben har seniorkonsulentane Narve Talgø og Signe Grønmyr vore til god hjelp for å få prosjektet i hamn.
Ved Todalen skule, eller Todalen oppvekstsenter som det heiter no, har alle dei 24 elevane fra 1. - 7. klasse vore med på oppsettinga. I kjølvatnet av ”Todalen i hoinner” er det godt å sjå et det veks oppiatt folk med scenevante folk som kan vera med og føra revytradisjonane vidare i bygda.
Vidare var det både traktering, gang rundt juletreet og sjølvsagt kom det også i år to nissar fra Romådalen med pakkar til alle borna.
Nettsidas utsende er rett og slett imponert over innsatsen frå elevane, og kvitterer med ein serie med bilete fra juletrefesta som du finn nedanfor!
