des 28 2008
”Todalen i hoinner” og vel så det!
Julekabareten ”Todalen i hoinner” er vel i hamn. For at alle skulle få høve til å delta vart kjørt 2 framsyningar i Ungdomshuset 3. juledag. Den første kl 15 som hadde litt enklare traktering, og så hovudframsyninga kl 20 med ”full pakke”. På første framsyninga vart rundt 70 deltakarar, men på siste framsyninga var det ca 160 og Ungdomshuset var fylt til siste plass.
Og publikum fekk valuta for pengane i rikt monn. I tre økter fikk vi sjå og høre mange artige innslag og mykje fin song og musikk. Det er rett og slett imponerende at ”lokale helter” kan lage så god underhalning. Og publikum sette stor pris på det dei såg og hørte, og dei var rause med applausen under forestillingane og med superlativene etterpå. Og jammen vart ei verdig avslutning på jubileumsåret for Todalen idrottslag!
Kjøkkenet diska opp med fine og velsmakande rettar som var tilpassa og tilsmaka for jubileumsåret. Stor honnør til kjøkkensjefane Jon Olav Roaldset og Knut Halset som ståka med maten. Aktørane i kabareten fekk ikkje kvile i pausane, for da var dei i full sjau med servering, leda av kveldens hovmester Ola Husby. Han var for høvet leid ut fra hotell Continetal i Oslo. Det var ikkje berre god og fin mat, det var også stil over serveringa.
Det heile starta med ein opningssong der alle aktørane var med på scena. Vidare framførte Nils Egenes, som var gjesteartist fra Surnadal, ein lokal og artig variant av skapelsesberetninga.
Vidare gjekk det slag i slag med damenes hyldningssong til jubilanten, og lyrikk-kvelden ‘’som det ikkje var noko av”. Dette var ein parodi på ønskediktet som Nils Egenes framførte.
Etter første pause var turen komen for å sleppe til Nils Ove Bruset med smakebitar fra Snorres saga om livet i Todalen og på Normøre i gamle dagar. Vidare var Kristine Saksen Ulvund som parodierte jubileumssjefen som hadde skrevet søknad om å arrangere OL i Todalen i 2008, før Nils egenes avslutta andre akta med flerkulturell songkveld.
Siste akta starta med eit jubileumspotpurri, før Kristen Bruset og Frode Grønmyr fekk sleppe til som ”To vise menn frå Surnadala”. Det heile vart runda av med avslutningssong, der alle aktørane deltok på scena.
Leder i Todalen I.L. Terje Talgø takka framifrå underhaldning, og nytta også høvet til å dele ut blomster til hovudkomiteen for arbeidet som har vore lagt ned med alle arrangementa i jubileumsåret.
For å sette ein skikkelig sluttstrek for jubileumsåret hadde Terje Nordvik og Johan T. Hals laga et skikkeleg fyrverkeri på Øyabrua. Presis kl 24 gikk fyrverkeriet i lufta og markerte at jubileumsåret som starta 3. juledag i 2007 var slutt!
I galleriet nedafor finn du eit utvalg med bilete frå dei to forestillingane.
