des 28 2008

Rekorddeltaking på Romjulsmarsjen

Av Jon Olav Ørsal

 halsetfamilien_6914_l.jpg

 Familien Halset på tur rundt bygda. Frå v. Frank, Juliane, Anders, Martin-Oliver, Randi og Johanne

Nærare 170 deltakarar på Romjulsmarsjen er nok ein skikkeleg rekord. Det var både godt vær og godt føre, og mange var nok sugne på litt morsjon før dei skulle på kabareten ”Todalen i hoinner” seinare på dagen.

Trimgruppa serverte gløgg til alle som var med og deltakarane fekk også ei fin medalje til minne om marsjen. Arrangøren hadde nok feilrekna seg litt, for det var nokre medaljer for lite. Men trimsjef Jostein Bruset håpar at dei får tilgjeving for det.  

På turen rundt bygda fekk deltakarane med seg eit ark med Todalsquiz for å teste kunnskapen om heimbygda. Her var det Line Kvendset, Sigrid Talgø, Johan Ranes og Marit Ingeborg Ansnes som vann. Det var utruleg mange som hadde dei fleste av svara rett.

Vi har mange bilete frå Romjulsmarsjen, og vil legge ut alle som er i god nok teknisk stand til å presenterast. Dette må skje i to bolkar og vi skal også etter kvart prøve å få på navn på personane på bileta.

Takk til alle som var med på årets Romjulsmars og for kr 4500 som kom inn på loddsalget!