des 28 2008
Gåve fra Todalen historielag
Todalen historielag har vore ein av samarbeidspartnerane i jubileumsåret. Dei var mellom anna med på å arrangere Lundekvelden tidlegare i haust og det store slektsstemnet i sommar.
I pausen under første framsyninga av jubileumskabareten nytta ledar i historielaget, Maren Ansnes høvet til å overrekkje jubileumsgåve til jubileumssjef Kari Kvendset.
Gåva var ein bokkassett med alle årsskrifta og temahefta i tillegg til Seterboka for Todalen. Bokkassetten var øremerka til skihytta på Ørsalfjellet for nytte og hygge for gjestane der.
Ho fortalte også at det var Narve Talgø som hadde laga bokkassetten og av det var Jean Kvendset som hadde stått for dekoren.
Kari takka for gåva og for samarbeidet, og ho håpar at det gode samarbeidet mellom dei to laga kan forsetta også etter at jubileumsåret er over.
