des 26 2008
Julehelsing frå Santa Rosa California
Madelin Inez pyntar juletreet heime i Bella Vista Way i Santa Rosa, California
Vi har fått julehelsing fra Santa Rosa i California. Det er Birgitte Kvendset som helsar med eit fint julekort der ho skriv:
”Vi ønskjer alle Todalingar God Jul og Godt Nytt År!
Ser fram til rapport frå “Todalen i hoinner”.
Helsing Birgitte & co”
Redaksjon helsar tilbake og lovar at det skal koma rapport både frå Romjulsmarsjen og frå kabareten ”Todalen i hoinner”.
Romjulsmarsjen har start 3. juledag mellom kl 11 og 13 i år, på grunn av at kabareten ”Todalen i hoinner” skal kjøre to framsyninger. Den første går kl 15 og siste framsyninga er kl 20.00. Reknar med at vi skal ha alt på ”nettet” utpå formiddagen 4. juledag. Så her er det berre å følge med på nettsida - todalenil.net.
