Arkiv for desember, 2008

des 29 2008

Folk og røvarar på juletrefest

Alle sammen 

5. juledag var det tradisjonell juletrefest i skulen. Juletrefesta i år var nok likevel litt spesiell, da dei har slege på stortromma og sett opp skodespelet ”Folk og røvarar i Kardemomme by” av Thorbjørn Egner.

Les “Folk og røvarar på juletrefest”

des 28 2008

”Todalen i hoinner” og vel så det!

 avslutning_7090.jpg

Julekabareten ”Todalen i hoinner” er vel i hamn. For at alle skulle få høve til å delta vart kjørt 2 framsyningar i Ungdomshuset 3. juledag. Den første kl 15 som hadde litt enklare traktering, og så hovudframsyninga kl 20 med ”full pakke”. På første framsyninga vart rundt 70 deltakarar, men på siste framsyninga var det ca 160 og Ungdomshuset var fylt til siste plass.

Les “”Todalen i hoinner” og vel så det!”

des 28 2008

Rekorddeltaking på Romjulsmarsjen

 halsetfamilien_6914_l.jpg

 Familien Halset på tur rundt bygda. Frå v. Frank, Juliane, Anders, Martin-Oliver, Randi og Johanne

Nærare 170 deltakarar på Romjulsmarsjen er nok ein skikkeleg rekord. Det var både godt vær og godt føre, og mange var nok sugne på litt morsjon før dei skulle på kabareten ”Todalen i hoinner” seinare på dagen.

Trimgruppa serverte gløgg til alle som var med og deltakarane fekk også ei fin medalje til minne om marsjen. Arrangøren hadde nok feilrekna seg litt, for det var nokre medaljer for lite. Men trimsjef Jostein Bruset håpar at dei får tilgjeving for det.   Les “Rekorddeltaking på Romjulsmarsjen”

des 28 2008

Gåve fra Todalen historielag

 historielaget_7035.jpg

Todalen historielag har vore ein av samarbeidspartnerane i jubileumsåret. Dei var mellom anna med på å arrangere Lundekvelden tidlegare i haust og det store slektsstemnet i sommar.

I pausen under første framsyninga av jubileumskabareten nytta ledar i historielaget, Maren Ansnes høvet til å overrekkje jubileumsgåve til jubileumssjef Kari Kvendset.

Gåva var ein bokkassett med alle årsskrifta og temahefta i tillegg til Seterboka for Todalen. Bokkassetten var øremerka til skihytta på Ørsalfjellet for nytte og hygge for gjestane der.

Ho fortalte også at det var Narve Talgø som hadde laga bokkassetten og av det var Jean Kvendset som hadde stått for dekoren.

Kari takka for gåva og for samarbeidet, og ho håpar at det gode samarbeidet mellom dei to laga kan forsetta også etter at jubileumsåret er over.

des 26 2008

Julehelsing frå Santa Rosa California

Julekort 

Madelin Inez pyntar juletreet heime i Bella Vista Way i Santa Rosa, California

Vi har fått julehelsing fra Santa Rosa i California. Det er Birgitte Kvendset som helsar med eit fint julekort der ho skriv:

”Vi ønskjer alle Todalingar God Jul og Godt Nytt År!
Ser fram til rapport frå “Todalen i hoinner”.
Helsing Birgitte & co”

Les “Julehelsing frå Santa Rosa California”

Neste »