nov 23 2008

“Den Gyldne Patron” til Jon Bjarne Husby

Av Jon Olav Ørsal

Hederprisen 

Over hundre feststemte todalingar var samla i Todalen ungdomshus laurdag kveld for å ta del i årets hjortfest. Det var Todalen I.L. som var arrangør, medan det var turen til Kvennset jaktlag å være vertskap.

Kvennset jaktlag opna festa med innmars med den nye fana si, og framførte ei ny og sjølvskreva jaktvise som dei fikk applaus for. Festledar Lars Sæther underheldt vidare med Rotmoviser til middagen vart servert. Og det var sjølvsagt hjort på menyen denne kvelden, nemleg “Hjortsteik A la Quendseth”. Sjefskokk Asgeir Longva hadde gjort ein god jobb på kjøkkenet, for maten fall i smak hos festlyden.

På programmet vidare var det både song og musikk, der Lars Sæther framførte fleire Rotmoviser. Han hadde med seg Endre Talgø på trekkspell. Endre hadde scenedebut denne kvelden og kom seg godt ut av det. Vi får nok høre meir trekkspellmusikk frå den kanten etter kvart.  Vidare hausta aktørane god applaus for framføringa av “Hjortmyraballetten” som var eit artig innslag frå scena.

Utdelinga av “Den Gyldne Patron” var det knytta stor spenning til.  Festleiar Lars Sæther innleia med å fortelje litt om historia til denne prisen,  og applausen var stor da han endeleg røpa at det var Jon Bjarne Husby som fekk prisen i år.

I grunngjevinga står det at Jon fikk prisen for at han “har vore kulturformidlar nr 1  i Todalen gjennom generasjonar”.  Jon har vore aktiv i revymiljøet, både på scena og som skribent, og ikkje minst har han spredd mykje glede gjennom trekkspellet.  Først som ei av drivkreftene i Jobus orkester på 60-talet, men også seinar i andre orkester og som soloartist.  Mellom anna har både alders- og sjukeheimane hatt mykje glede av musikken hans.

Til slutt vart programmet runda av med “Jaktvise” av Jon Lunde,  før Ole Georg Husby dro i gang dansemusikken og det vart høve til ein svingom.  

Her finn du bildegalleri frå Hjortfesta 2008.   Alle foto: Jon Olav Ørsal