Arkiv for november, 2008

nov 30 2008

Julegrana er tent!

julegrantenning 

Søndag kveld var det julegrantenning ved ICA Todalen.  Både gamal og ung var oppmøtt da ledar i PT-utvalget Guro Redalen ønska velkomen.  Jon Husby med trekkspel og Hans Gundersen på saksofon sørga for musikk til song og gang rundt juletreet. Les “Julegrana er tent!”

nov 23 2008

“Den Gyldne Patron” til Jon Bjarne Husby

Hederprisen 

Over hundre feststemte todalingar var samla i Todalen ungdomshus laurdag kveld for å ta del i årets hjortfest. Det var Todalen I.L. som var arrangør, medan det var turen til Kvennset jaktlag å være vertskap.

Kvennset jaktlag opna festa med innmars med den nye fana si, og framførte ei ny og sjølvskreva jaktvise som dei fikk applaus for. Festledar Lars Sæther underheldt vidare med Rotmoviser til middagen vart servert. Og det var sjølvsagt hjort på menyen denne kvelden, nemleg “Hjortsteik A la Quendseth”. Sjefskokk Asgeir Longva hadde gjort ein god jobb på kjøkkenet, for maten fall i smak hos festlyden.

Les ““Den Gyldne Patron” til Jon Bjarne Husby”

nov 12 2008

Fotballbasar er utsatt

Fotballbasaren som var planlagt til søndag 30. november er utsatt

Fotballsjef Bjørn Hauglann fortel at det blir kollisjon med julegrantenning denne dagen og at det er for nært opp til  jul med tanke på å arrangere basar.

Fotballbasaren blir på nyåret og vi kjem attende med ny dato seinare.

Neste »