okt 26 2008
Verdig jubileumsfeiring
Gratulasjon frå ordførar Mons Otnes. Foto:Magne Lillegård/Driva
Onsdag 22. oktober var den offisielle bursdagen til Todalen idrottslag. Den var feira med “bokbad” på ICA Todalen, med tilhørande kaffe og pærekake. Da vart nemleg jubileumsboka “Todalen I.L. -100 år” presentert for omverda.
Men bursdagslaget var laurdag 25. oktober i Todalen ungdomshus. Her var nærare hundre gjestar på plass da jubileumssjef og festledar Kari Kvendset kunne ønske gjestane velkomen til bursdagslag.
Kjøkkensjefane Jon Olav Roaldset og Knut Halset hadde laga ei gigantisk og velsmakande fårikålgryte med råstoff frå årets lam frå Todalsfjella, noko dei hausta mange lovord for.
Vidare utover kvelden var det både allsong, dikt og solosong av Narve Talgø og sjølvsagt mykje triveleg prat rundt borda. Ole Magne Ansnes, tidlegare Drivaredaktør som no er kultursjef i Sunndal, framførte ein fin prolog som han hadde skreve til jubilanten. (Lagt ut som PDF nedafor)
Ledar i Todalen I.L. Terje Talgø og jubileumssjef Kari Kvendset viste gjennom ein lysbildeserie kva som hadde foregått av idretts- og kulturarrangement gjennom jubileumsåret så langt. Dei nytta også høvet til å hedre nokre av medlemane som har betydd mykje for laget gjennom eit langt liv. Alf Søyset, Kåre Bruset, Johan Kvendset og Alf Ramsøy fekk kvar si jubileumsbok som ein symbolsk heder. Dei nytta også høvet til å takke alle som hadde vore med og gjort ein innsats i jubileumåret. Nerast alle todalingar har delteke i dette arbeidet, kvar på sin måte.
Elles var det sjølvsagt tid for helsingar og gåver både frå Surnadal kommune, sponsorane, idrettskretsen, idrettsrådet, idrettslaga i nabolaget og frå lag og organisasjonar i Todalen, før festmiddagen vart runda av med Todalssongen.
Etterpå vart det dans til svingande tonar frå Safari som stilte med 7-manns orkester, der også to todalingar er med. Det er Gudmund Husby på piano og Svein Håvard Saksen på slagverk.
Og festa fortsette i den gode stemninga heilt ut i dei små timane, og vart ei verdig markering av hundreårsdagen.
Nedafor finn du både link til Driva.no, prologen og dei to bildegalleria fra festa
http://www.driva.no/article/20081026/NYHETER/312079506/1043/KULTUR
For å hente prologen kan du klikke her: Jubileumsprolog
