okt 21 2008

Jubileumsboka er i salg

boklansering_5629_.jpg 

Frå v. Kari Kvendset, Britt Mossing, Svein Talgø og Terje Talgø

Onsdag 22. oktober, på sjølvaste 100-årsdagen til Todalen I.L. er jubileumboka i salg på ICA Todalen.

Jubileumsboka vart vist for pressa ein pressekonferanse i Ungdomshuset tysdag og da er det fritt fram for å kjøpa boka som er på heile 128 sider og er rikt illustrert med bilde frå heile 100-årsepoken.

Det er Britt Mossing, Svein Talgø og Borghild Betten Talgø som har vore arbeidsgruppa for boka som heiter “Todalen idrottslag 100 år - 1908 - 2008″.

jubileumsbok_forfattere_3727.jpg         todalenil100_forside.jpg

Dei skriv i bokas forord at “meininga med boka er at ho skal vise breidda i laget, og korleis initiativ frå medlemene skaper den aktiviteten som blir drive i laget. Det er kva medlemmene gjer og vil, som bestemmer kva laget står for.”

Dei håpar at boka kan vere med å hente fram eigne minne om idrettslivet i bygda og at ho kan vere eit grunnlag og ein inspirasjon for vidare arbeid i laget.

Boka kostar kr 250,- og kan som sagt kjøpast på ICA Todalen frå onsdag 22. oktober. Over helga vil det også kome folk rundt bygda på boksalg.

Det vil også bli høve til å bestille boka pr e-post til Kari Kvendset på e-postadresse: karikve@svorka.net eller på telefon 928 44 842.

Presseomtale: http://www.driva.no/article/20081021/NYHETER/188184772/1043/KULTUR