okt 20 2008
Jubileumsfest med bokpremiere 25. oktober
Laurdag 25. oktober er datoen for den offisielle jubileumsfesta for Todalen I.L. sitt 100-årsjubileum.
Da inviterer vi til fest i det nyoppussa ungdomshuset, der alle som har lyst kan ta del. Det er også invitert gjestar frå dei andre idrettslaga på Indre Nordmøre, og det vil nok bli ei triveleg stund i ungdomshuset.
Det er lagt ut bok for påmelding til festa på ICA Todalen. Billettprisen er kr 200,- pr person, og påmeldingsfrist er 20. oktober. Du kan også melde deg på pr e-post til: karikve@svorka.net eller tlf 928 44 842.
Menyen på jubileumsfesta er fårikål. Det passar godt på eit slikt arrangement at det blir kortreist mat frå eigen fjellheim. Godt er det også! Etter at middagen er ferdig opnar vi baren for salg av øl og vin.
Etter middagen vil det også bli høve til ein svingom. Det populære orkestret Zafari vil sørge for livåt dansemusikk i tillegg til at dei vil spele taffelmusikk under middagen.
På festa vil jubileumsboka få sin premiere. Den skal vere klar frå trykkeriet i god tid og er ei trykksak vi kan vere stolte av. Vi gler oss til å få den ut på marknaden.
Vi håpar at mange tek seg tid til å vera med på jubileumsfeiringa, og spesielt håper vi at mange veteranar vil vera med oss denne kvelden.
Du finn fullstendig invitasjon ved å klikke her på Invitasjon til Jubileumsfesta