okt 04 2008
“Kattastrof” frå Halsesamlinga
I sommar hadde Halsesamlinga førpremiere for CD’n “Kattastrof” på Stangvikfestivalen og under slektsstemnet. No er tida inne for å sette meir fokus på denne flotte CD’n. Mykje av stoffet er henta frå diktsamlinga “På bygdabakkom” av Leif Halse, som kom ut første gong i 1947 og med ny utgåve i 2005. På CD’n er det samla både ord og tonar, og det er Alf Ramsøy som les dikt, mens Tone Søyset Døving og Todalskoret deltek med song.Halsesamlinga har satsa stort på denne produksjonen. Med kostnader i hundretusenklassen, kom det godt med at ein fekk 15.000 med Kleivafondet og elles god støtte frå lokalt næringsliv i kommunen. I tillegg kom kulturmidlar frå kommunen og fylket. Surnadalingen Jostein Ansnes har vore produsent for CD’n.
I tillegg til stoff fra diktsamlinga “På bygdabakkom” er det også med eit originalopptak der Leif Halse spelar Storpolsdansen på fele. Dette er eit originalopptak frå 1956, som Halsesamlinga har fått frå NRK.
På CD’n er det heile 21 produksjonar, og her kan vi nemne: Song til Todalen, Haust i Lauvålin, Grendavise, Ordskifte og mykje anna godt stoff. CD’n kostar kr 150, og er til salgs hos ICA Todalen. Den kan også bestillast hos ved å sende ein e-post til nils-ove.bruset@svorka.net
I tillegg har Halsesamlinga laga to flotte kort med motiv frå Todalen. Det eine er eit enkelt turistkort, mens det andre er eit dobbelt kort der “Song til Todalen” er trykt på baksida. Dette kan nyttast til de fleste høve.
Halsesamlinga er samansett av representantar frå lag og organisasjonar i Todalen, samt skulen og biblioteket.
Styret i Halsesamlinga er i dag: Britt Mossing, Nils Ove Bruset, Ragnhild Ansnes Moe (ledar), Dordi Jorunn Halle og Maren Ansnes.

