Arkiv for oktober, 2008

okt 26 2008

Verdig jubileumsfeiring

 Mons Otnes gratulerer

Gratulasjon frå ordførar Mons Otnes.  Foto:Magne Lillegård/Driva

Onsdag 22. oktober var den offisielle bursdagen til Todalen idrottslag.  Den var feira med “bokbad” på ICA Todalen, med tilhørande kaffe og pærekake. Da vart nemleg jubileumsboka “Todalen I.L. -100 år” presentert for omverda.

Men bursdagslaget var laurdag 25. oktober i Todalen ungdomshus. Her var nærare hundre gjestar på plass da jubileumssjef og festledar Kari Kvendset kunne ønske gjestane velkomen til bursdagslag.

Les “Verdig jubileumsfeiring”

okt 21 2008

Jubileumsboka er i salg

boklansering_5629_.jpg 

Frå v. Kari Kvendset, Britt Mossing, Svein Talgø og Terje Talgø

Onsdag 22. oktober, på sjølvaste 100-årsdagen til Todalen I.L. er jubileumboka i salg på ICA Todalen.

Jubileumsboka vart vist for pressa ein pressekonferanse i Ungdomshuset tysdag og da er det fritt fram for å kjøpa boka som er på heile 128 sider og er rikt illustrert med bilde frå heile 100-årsepoken.

Det er Britt Mossing, Svein Talgø og Borghild Betten Talgø som har vore arbeidsgruppa for boka som heiter “Todalen idrottslag 100 år - 1908 - 2008″.

Les “Jubileumsboka er i salg”

okt 20 2008

Jubileumsfest med bokpremiere 25. oktober

Jubileumslogo 

Laurdag 25. oktober er datoen for den offisielle jubileumsfesta for Todalen I.L. sitt 100-årsjubileum.

Da inviterer vi til fest i det nyoppussa ungdomshuset, der alle som har lyst kan ta del. Det er også invitert gjestar frå dei andre idrettslaga på Indre Nordmøre, og det vil nok bli ei triveleg stund i ungdomshuset.

Det er lagt ut bok for påmelding til festa på ICA Todalen. Billettprisen er kr 200,- pr person, og påmeldingsfrist er 20. oktober.  Du kan også melde deg på pr e-post til: karikve@svorka.net eller tlf 928 44 842.Zafari

Menyen på jubileumsfesta er fårikål. Det passar godt på eit slikt arrangement at det blir kortreist mat frå eigen fjellheim. Godt er det også!  Etter at middagen er ferdig opnar vi baren for salg av øl og vin. 

Etter middagen vil det også bli høve til ein svingom. Det populære orkestret Zafari vil sørge for livåt dansemusikk i tillegg til at dei vil spele taffelmusikk under middagen.

På festa vil jubileumsboka få sin premiere. Den skal vere klar frå trykkeriet i god tid og er ei trykksak vi kan vere stolte av.  Vi gler oss til å få den ut på marknaden. Les “Jubileumsfest med bokpremiere 25. oktober”

Neste »