sept 28 2008

Husbasar ga ny rekordomsetning!

Lykkehjul 

Husbasaren søndag ettermiddag spengte alle grenser for basaromsetning i ungdomshuset. Fintellinga var ikkje ferdig da vi gikk ut på nettet, men ca 50.000 kroner har kome inn på basaren.

Ragnhild Ansnes Moe i basarkomiteen er heilt overvelda over den store oppslutninga frå bygdafolket; både med basartingar og ikkje minst loddkjøp. På basarbordet var det heile 80 gevinstar, og mykje av dette var heimlaga ting som appelerte til stort loddsalg.

Her fantes det nærast alt muleg: Gammelsalta sei, bakverk, saft og syltetøy, honning, grønsaker, tresløyd, bilder, egg, vin fra California, bilder, strikketøy, møblar, gåvekort på middagar, jakt og fiske, treningstimer på Velværesentret og til og med billetter til Svanesjøen på Den norske Opera den 6. juni 2009. Hovedgevinsten var eit fint bilete frå Ingun Redalen White, som er utflytta todaling i Oslo. Hovedgevinsten solgte mesta 500 lodder og ga nærare 10.000 i ungdomshuskassa!

Det var god gammeldags basarstemning i ungdomshuset, med salg av ertesuppe og gele med vaniljesaus. Det var mykje folk som fann vegen til ungdomshuset utover ettermiddagen og basarkomiteen hadde ei travel ettermiddagsstund med stor omsetning og hektisk aktivitet rund basarbord og på kjøkkenet.

Basarkomiteen rettar ein stor takk til alle for stor givarglede både med basartingar og loddkjøp.

Jubileumsposten/todalenil.net var der, og nedafor kan du klikk deg inn på trekningslista og biletegalleriet frå husbasaren.

Trekningsliste