sept 27 2008

Endeleg er jubileumsboka i trykken

fofattarar

Jubileumsboka er i trykken! Endeleg har ein kunna sette sluttstrek for arbeidet med jubileumsboka og sendt den til trykkeriet. Forfattarkollegiet for jubileumsboka har vore Svein Talgø, Borghild Talgø og Britt Mossing.
Dei har lagt ned ein stor innsats for å samle inn stoff til boka og ikkje minst å få inn bilde.
Boka er på heile 128 sider, og den er rikt illustrert med mange bilete frå heile 100-årsepoken. Når det gjeld stoffet så har det vore vanskeleg å finne opplysningar frå enkelte periodar, da det har mangla nokre protokollar.
Dersom det er nokon som har gamle protokollar så er det fint om desse kan leverast til styret, slik at dei kan takast vare på.
Boka vil få sin premiere på jubileumsfesta som skal bli den 25. oktober.
- Her er det berre å begynne å gle seg med ein gong!
Vi tippar at dette blir årets julegåve i Todalen?

Ny kommentar