sept 14 2008
Storstila husbasar søndag 28. kl 15.00
Det blir massevis av originale gevinstar på husbasaren Hovedgevinsten er eit bilete vi har fått med Ingun Redalen White
Huskomiteen og utsmykkingskomiteen har lagt ned ein stor jobb med oppussing av ungdomshuset i år. Æra for dette deler dei gladeleg med bygdafolket, som har vore trufaste til å stille opp på dugnad for å få huset i stand til det store slektsstemnet i sommar.
Tross for stor dugnadsinnsats vart det store kostnader med oppussinga. Spesielt kjøkkenet var det dyrt å renovere, men resultatet vart så bra at det var verdt kvar einaste krone. Det har dei med rette fått mykje skryt for, og vi får nok glede av det i mange år framover.
Etter kvert som rekningane har kome inn har utsmykkingskomiteren fått dårleg samvittighet, og nå trår dei til med ein gigantisk basar for å få inn litt pengar. Dei har i den sammenheng vore rundt på bygda for å få basartingar, og der har dei gjort gode mange kupp, fortel Ragnhild A. Moe.
Hovedgevinsten blir nok eit bilete frå Ingun Redalen White til ein verdi kr 6000, men i tillegg har Ingun ordna med 2 biletter til Svanesjøen på den Norske Opera (der ho er tilsatt) den 6.6.09. Elles er det mykje heimlaga ting frå bygda, og middagar på Kløverstua og sildball på Todalshytta, samt månadskort fra Surnadal Velværesenter. I tillegg er det både ganmmelsalta sei, vin frå California, heimelaga saft og syltety, bakverk og mykje anna på lista. Så dette blir rett så spennande!
Og merk deg at dette blir god gammeldags basar, i ordet rette forstand. Basaren startar kl 15, og det blir både ertesuppe, gele med vaniljaus og mykje anna nostalgisk stemning å oppleve i ungdomshuset denne dagen, sier Ragnhild Ansnes Moe.
Så her er det berre å sett av søndag 28. til basarbesøk og så må du hugse å ta med nok pengar! Trekning kl 18.00.
Velkomen på basar med triveleg og gammeldags basarstemning!
PS! For dei som ikkje kan koma på basar, vil Ragnhild & Co kome rundt med forhandssalg av lodd i komande veke. DS.
Gevinstlista ser slik ut akkurat no:
Hovudgevinst: Bilete frå Ingun Redalen White 2 billettar til Den norske Operas oppsetting av Svanesjøen den 6. juni 2009 Mykje heimlaga mat: Syltety, gammelsalta sei, saft, bakverk m.v. Grønsaker: Poteter og gulrot 2 middagar på Kløverstua 2 ballmiddagar på Todalhytta Krakk, trebolle og anna heimsløyd Trillebår for blomster frå T-Komponent Manikyr og pedikyr Månadskort frå Surnadal Velværesenter Forskjellige strikketing Bilete med Todalsmotiv -og mykje, mykje meir. Men vi tek også mot fleire tingar, og det er berre å ta kontakt med Ragnhild Ansnes Moe på telefon 922 02 656 dersom du har ein høveleg basarting.
