Arkiv for september, 2008

sept 28 2008

Husbasar ga ny rekordomsetning!

Lykkehjul 

Husbasaren søndag ettermiddag spengte alle grenser for basaromsetning i ungdomshuset. Fintellinga var ikkje ferdig da vi gikk ut på nettet, men ca 50.000 kroner har kome inn på basaren.

Ragnhild Ansnes Moe i basarkomiteen er heilt overvelda over den store oppslutninga frå bygdafolket; både med basartingar og ikkje minst loddkjøp. På basarbordet var det heile 80 gevinstar, og mykje av dette var heimlaga ting som appelerte til stort loddsalg. Les “Husbasar ga ny rekordomsetning!”

sept 27 2008

Endeleg er jubileumsboka i trykken

fofattarar

Jubileumsboka er i trykken! Endeleg har ein kunna sette sluttstrek for arbeidet med jubileumsboka og sendt den til trykkeriet. Les “Endeleg er jubileumsboka i trykken”

sept 14 2008

Storstila husbasar søndag 28. kl 15.00

Basartinger 

Det blir massevis av originale gevinstar på husbasaren
Hovedgevinsten er eit bilete vi har fått med Ingun Redalen White

Huskomiteen og utsmykkingskomiteen har lagt ned ein stor jobb med oppussing av ungdomshuset i år.  Æra for dette deler dei gladeleg med bygdafolket, som har vore trufaste til å stille opp på dugnad for å få huset i stand til det store slektsstemnet i sommar.

Tross for stor dugnadsinnsats vart det store kostnader med oppussinga. Spesielt kjøkkenet var det dyrt å renovere, men resultatet vart så bra at det var verdt kvar einaste krone.  Det har dei med rette fått mykje skryt for, og vi får nok glede av det i mange år framover. Les “Storstila husbasar søndag 28. kl 15.00″

Neste »