aug 22 2008
Klart for Trollheimsmarsjen
Søndag morgen mellom kl 08 og 12 kan du starte på Trollheimsmarsjen fra Todalen over Vardan til Ålvundeid. Det er i skrivende stund bra værmelding for søndag på www.yr.no . Ta på deg gode sko, godt med klær og mat og bli med på turen over fjellet.
Trollheimsmarsjen er lagt opp som ei kulturvandring, med start frå Bordholmen søndag 31. august mellom kl 08.00 og 12.00.
Turen går opp Haukålia til Ørsalsetra og vidare oppover til Kjerringholet og Vardan. Vidare forbi Kjerringvatnet og ned til Ålvundeidet via Tverrlia til heistraseen i Børsetlia og til Leikvoll stadion.
Trollheimsmarsjen er eit samarbeid mellom Todalen I.L., I.L. Ulvungen og Trollheimstunnelen. Det vil bli eit årleg arrangemang til tunnelen er opna!
Det blir ordna med bussar frå Leikvoll til Bordholmen både før og etter marsjen for å tansportere deltakarane. Busstransporten er gratis, men vi betaler ferga sjølv.
Alle som deltek i marsjen får ein fin jubileumspin (både Todalen I.L. og I.L. Ulvungen er 100 år i år) og i tillegg vert det trekt ut premiar på startnumra.
På Bordholmen vil vi ha salg av matpakkar og T-skjorter (T.I.L.’s jubileumsskjorter) før start, og på Leikvoll er det salg av middag, forfriskningar o.l.
På vegen vil vi bli “fora” med litt kultur. Det blir informert om samkvemmet mellom bygdene som har vore, og litt om det som fjellet har vore bruka til oppgjennom tida.
Påmelding skjer på Bordholmen før start.
Faktaopplysninger om marsjen:
- Distanse: ca 13 km
- Tidsbruk over fjellet: ca 5 timar i vanleg turistmarsj (Pausar i tillegg).
- Terreng: Variert skog- og fjellterreng
- Høgde over havet: Turens høgste punkt ligg på ca 850 m ved Vardan
Bli med på ei fin kulturvandring over fjellet, og ta gjerne med vener eller kolleger på turen.
Husk å ta med nok klær og mat på turen, det gir større turglede!
Finn meir informasjon om marsjen på plakaten.
Velkomen som deltakar!