jul 11 2008

Trollheimsmarsjen 31. august

Av Guro Redalen

Tysdag 8. juli var Jubileumspostens utsendte på pressekonferanse på Sunndalsøra. Da vart Trollheimsmarsjen presentert for eit stort presseoppbud av Nordmørsaviser, inklusive Jubileumsposten.
Det har vore litt kontakt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L. om å få til eit opplegg, men det fikk først full fart når tunnellselskapet og dagleg ledar Ragnhild Smisetfoss i Trollheimstunnellen AS kom på banen. På pressekonferansen stilte i tillegg varaordførar i Sunndal Knut Reinset, ordførar Mons Otnes, Einar Mo og Oddmund Saur frå Ulvungen og vår eigen “jubileumssjef” Kari Kvendset.

Trollheimsmarsjen er tenkt som ein turmars med start frå Todalen, over Varan og til Ålvundeid. Det vil bli lagt opp til fleira infopunkt om gammel kultur langs ruta over fjellet, mellom anna gruvedrifta og om Varstemna som vart arrangert i gamle dagar. Ruta er tenkt lagt om Fauskhjellen, via Ørsalsetrene til Varan og vidare forbi Kjerringvatnet og ned til Ålvundeid via Tverrlia og heistraseen i Børsetlia til Leikvoll. Turen skal bli eit årleg arrangemang fram til Trollheimstunnellen vert opna, og kanskje vidare også? Trollheimstunnelen lagar pins til deltakarane og det blir eit opplegg med busstransport før og etter marsjen.

Sett derfor av søndag 31. august til Trollheimsmarsjen i første omgang. Vi kjem att med meir informasjon etter kvart.