mai 12 2008

Jubileumsmarsj - med vegvisar på gammelvegen

1. pinsedag var det jubileumsmarsj etter gammelvegen i Svinvika. Værgudane viste ikkje akkurat godsida, men det var nærare 50 personar som trossa nordvesten og stilte godt kledd til starten frå parkeringsplassen ved arboretet.02varsogv.jpg
Sven Olav Svinvik var hyra inn som vegvisar og så bar det oppover dei bratte bakkane i Kleiva. På vegen opp var det mange pausar med både veghistorie og artig episodar som har skjedd. Det første bussruta til Todalen gikk etter denne vegen, men Ingebrigt Kvendset (Sandstad) bak rattet. Egentlig rat at det gikk an!

På toppen hadde jubileumskomiteen teke oppstilling og serverte god og varm kaffe. Det sette folk pris på. Der var det også trekning av en rhododendron på billetten. Den heldig vinnar var Sylvi Gundersen frå Randsverk.
Turen vidare gikk etter Hjellnesvegen ned til Snøyå, og utover mot Svinvika etter gammelvegen som var i bruk til 2001 da tunnelen kom. Mange var overraska over kor smal gammelvegen har vorte!

Takk til Sven Olav Svinvik for triveleg og god guiding. 

Tekst og foto: Jon Olav Ørsal