mai 07 2008

Godt mot, Todalen

Av Guro Redalen

For oss som bur ” der elva går i foss og sving” er det spanande ting på gang! Bygdemobiliserings-prosjektet Godt mot, Todalen har fått stønad på kr 300.000.- frå Møre og Romsdal fylke for å gje Todalen eit løft. Stønad til Slektsstemnet i august er eit av prosjekta i planane.

Målet med bygdemobilisering er å utvikle livskraftige lokalsamfunn, der folk trivst og der ungdom finn ei attraktiv framtid. Dette prosjektet skal gjere bygda vår attraktiv å bu i, og ikkje minst sørgje for at ho fortsett med å ”bli oss kjærar år for år!”

Alle er velkomne til Ungdomshuset tysdag 13. mai kl 19.00 for:

Å høyre meir om bygdemobiliserins-prosjektet

Få ein orientering om det som allereie rører på seg  i bygda 

Bli inspirert til å kome med innspel på kva du kunne ha tenkt deg annleis i Todalen.

Møte blir leia av  Jan Fredrik Laskerud.

Servering av kortreist kveldsmat.

Vel møtt!

Det vil seinare bli oppretta ei eiga nettside med oppdatert informasjon om prosjektet.