feb 27 2008

Villmarkshelg 4.-5. april

I april er det duka for stor Villmarkskveld i Todalenoppvekstsenter. Både fredag og laurdag vil det bli eit rikhaldig program med mykje natur og villmark. Da kjem nemleg naturfotografane Bjørn Brennbakken og Nils Olav Talgøy til Todalen for å underhalde oss, fortel Ragnar Halle som er primus motor for arrangementet.

Bjørn Brendbakken kjem frå Dalholen i Folldal og er heiltids naturfotograf og skribent. Han er kjent frå blada Villmarksliv, Jakt og Alt om fiske. Han er også kjent for ulvefilmen ”På sporet av Koppangflokken. I Todalen vil han vise villmarksbilete frå Østerdalen og Dovrefjell. Her blir det nok møte både med storelg, villrein og rovdyr som ulv, gaupe og bjørn. Men vi får også sjå både blomster- og landskapsbilete.

Nils Olav Talgøy er vi betre kjent med. Han budde i Todalen i fleire år og har ei av landets flottaste samlingar av hjortebilete. Han vil ta oss med på ”Hjortejakt på Nordmøre”, der vi får sjå mange fine jaktbilete. Denne kvelden vil også Tore Gjul frå Viltnemnda orientere om merkjeprosjektet for hjort som no er i gang.

Vidare på programmet står det utstilling av både bilete og utstyr denne helga. Nokre utstillarar er allereie klare:
• Bjørn Brendbakken
• Nils Olav Talgøy
• Kårvatn Fjellutstyr
• Jeger, Hund og Våpen
• Surnadal Jeger og Fisk
• Viltnemnda/
merkeprosjektet

I løpet av helga blir det også lotteri med mange fine gevinstar, samt smaksprøvar og sal av steinomnsbaka brød frå
Steinarstua.