feb 27 2008

Friluftsgudsteneste 2. påskedag

Trimgruppa fortsett samarbeidet med soknerådet og vil også i år delta under friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag. Her vil det i tillegg til vanleg friluftsgudsteneste også bli natursti og akebakke for borna og ikkje minst vil det bli grilling.

Dette har vist seg å vere populære tiltak og under eit par av desse friluftsgudstenestene har det også vore arrangert barnedåp .  Vi satsar som sagt på å lage natursti og akebakke for borna, men aktivitetane vil nok bli tilpassa litt etter ver og føreforholda denne dagen. Dette arrangementet er som du sikkert forstår avhengig av finvêr, så ”reservearena” er Todalen kyrkje. Men vi satsar sjølvsagt på at det blir finvêr!