jan 06 2008
Vel møtt til nyttårsfest 13. januar
Søndag 13. januar skal det blir det nyttårsfest for vaksne i ungdomshuset. Festsjefen Borghild Talgø har store forventningar til dette arrangementet.
Men først og fremst skal det bli ei ettermiddags-stund , der ein kan treffast og ha det triveleg i lag. Detaljane i programmet er ikkje klare enno, men det er klart at det blir ein variant av ”Husker du?”. Det er heilt sikkert mangt å minnast frå aktivitetane som idrettslaget har drive på med gjennom 100 år.
Når det gjeld underhaldningsinnslag så er det klart at vi får ein smakebit frå kabareten ”Julselskapet” og Alf Ramsøy kjem også. Tordenskjold songlag som også er 100- årjubilant i 2008 vil blir med på programmet.
Det blir gratis inngang på denne festa, men vi vil lodde ut eit fint måleri med Todalsmotiv for å få inn nokre slantar. Lisabet Storslett (Baugen) har vore kunstnar.