jan 06 2008
Jubileumskalender
Det er enno mogleg å kjøpe den flotte jubileumskalenderen for 2008For å verkeleg markera at kvar månad og dag i 2008 høyrer til jubileumsåret til Todalen Idrottslag, har det vorte laga ein kalender med bilete henta frå 100 år med idrettshistorie. Det har ikkje vore ein enkel jobb for kalenderkomiteen å kun velje ut tolv bilete frå alle desse åra med aktivitet. Målet har også vore å syne både lagidrett, enkeltprestasjonar, eldre og nyare idrett, utøvarar og medhjelparar osb., og dei fleste vil nok dra kjensel på motiva utover året.
Kalenderen kostar kr 100 og kan kjøpast ved å ta kontakt med Kari Kvendset, (tlf 928 44 842), e-post: karikve@svorka.net (porto i tillegg ved sending)