des 12 2007
Romjulsmarsj 3. juledag
Vi har også ønske om å sette litt jubileumspreg på årets romjulsmarsj. Finn fram gamle klede og gi marsjen litt jubileumspreg under slagordet ”Ikkje kom som du e, men ta fram det gamle du he”. Serveringsstadene er i år på Bruset og på Bordholmen. På Bordholmen vil det også bli salg av pølser. Starttidspunkt mellom klokka 13.00 og 15.00.Romjulsmarsjen er ein av dei gode juletradisjonane vi har i Todalen. Folk sett pris på denne lufteturen rundt bygda, med innlagt gløggservering på vegen. Romjulsmarsjen vil vere innleiinga til TIL’s store jubileumsår i 2008. Vi tjuvstartar på ein måte på tampen av gammelåret. Dette gjer vi fordi mange utflytta todalingar og andre er i Todalen på juleferie da. Av praktiske grunnar er jubileumsmarsen flytta til 3. juledag. Og dette vil nok bli eit godt høve til å røre litt på
”skrotten” før 3.-dagsfesta i Ungdomshuset seinare på kvelden.
Det vil bli mange ekstra aktivitetar i samband med årets Romjulsmars. Trimgruppa legg opp til fleire konkurransar med fine premiar til deltakarane. Det blir både snøballkasting på blink for dei yngste, og Todalsquiz for dei med litt lengre fartstid på baken.