des 12 2007
Jubileumskalender til å legge under treet
For å verkeleg markera at kvar månad og dag i 2008 høyrer til jubileumsåret til Todalen Idrottslag, har det vorte laga ein kalender med bilete henta frå 100 år med idrettshistorie.
Det har ikkje vore ein enkel jobb for kalenderkomiteen beståande av Line M. Kvendset, Ragnhild A. Moe og Toril Redalen å kun velje ut tolv bilete frå alle desse åra med aktivitet. Målet har også vore å syne både lagidrett, enkeltprestasjonar,
eldre og nyare idrett, utøvarar ogmedhjelparar osb.Designet av kalenderen er ved Ingun Redalen White, og resultatet har vorte særs bra. Dei fleste vil nok dra kjensel på motiva utover året, og den er ei fin gåve til både todalingar og
andre.
Kalenderen kostar kr 100 og vil kome i salg frå ca 20. desember hos ICA Todalen eller hos Kari Kvendset, (tlf 928 44 842), e-post: karikve@svorka.net (porto i tillegg ved sending) Vi kjem også ein runde ”på døra” før jul.