des 12 2007

3.-dagsfesta ”Julselskapet” er i rute!

Av Guro Redalen

Billetter i salg frå måndag 17. desember kl 09.00 Du må kjøpe inngangsbillettar hos ICA Todalen . Prisen er kr 200 og dekker inngang til ungdomshuset. Kontant betaling.

Juleselskapet det er kort og godt namnet på julas høgdepunkt i Ungdomshuset 3. juledag. I fjor var det stor suksess med kabareten ”Fjordcruise med Blåfjell”, både med underhaldninga og maten. Noko av denne suksessen vil vi vidareføre til årets ”Julselskap”, mellom anna ein ny og velutvikla meny som det enno blir arbeidd med. Plana er at det også i år skal dekkast med småbord i salen og på scena, og at underhaldinga skal finne stad litt rundt omkring. Som i fjor vert det servering rundt omkring i lokala. Skrivegjengen har vore i arbeid ei tid no, og frå ”sikre kjelder” har Jubileumsposten fått klare signal om at årets opplegg ikkje står noko tilbake frå fjorårets innslag.

I fjor var Ungdomshuset fylt til siste plass, og det blir det nok i år også. Det vil derfor lønne seg å kjøpe billetter i god tid for å være sikra plass i salen når ”sirkuset” startar.