nov 11 2007

Vel møtt til slektsstemne neste sommar!

Eit av dei største arrangementa neste år er slektsstemne for alle todalingar. For; alle er vi på eit eller anna vis i slekt - om det er i gener eller noko anna som knyter oss til bygda.
I Bergen lyt ein ha reint bergensblod i tre generasjonar på begge slektledane for å kunne kalla seg bergenser. Her i Todalen ser vi litt større på det og inviterer alle som har lyst til å delta på slektsstemne ei sommarhelg i 2008. Her blir det gode moglegheiter for møte med både tremeningar, gjeilkalvar og anna kjentfolk. Idrettslaget vonar at det kan bli ei helg med gjensyn både med bygda og andletet du ikkje har sett på ei stund. Meir om programmet, dato og  praktiske opplysningar kjem seinare.

Ein eigen komité fekk utfordringa med å spore opp utflytta todalingar, og resultatet er at over 400 utan postadresse 6645 vil motta jubileumsposten frå Todalen Idrettslag i 2008. Har du ikkje fått jubileumsposten tilsendt i posten, men unne ha tenkt deg informasjon både om slektsstemne og anna så gje beskjed til redaksjonen.