nov 11 2007

Leiaren har ordet

Terje Talgø er leiar av Todalen idrottslag. Han fortel at det er lenge sidan styret i laget har bestemt at idrettslagets jubileum skal bli noko meir enn berre ei jubileumsfest. Det skal bli eit heilt jubileumsår, der alle arrangement skal vere prega av jubileet. Styret har derfor sett ned ein hovudkomité som har fått i oppdrag å koordinere lagets arrangement i jubileumsåret og påverke til at vi gjer litt ekstra ut av alle arrangement dette året.
I jubileumsåret skal vi også passe på at alle i bygda får ta del i arbeidet med å feire lagets store bursdagslag ved at dei får tilbod om å delta i ein eller anna komité. Styret har også tenkt på dei som har vore knytt til bygda tidlegare. Spesielt på dei som er fødd her og har flytta ut, men også dei som har bodd her ei stund eller hatt anna tilknyting til bygda. Desse vil vi gjerne ha med oss på denne jubileumsfeiringa. Vi håper derfor å nå ut til flest muleg slike med denne jubileumsavisa, som vil kome med fleire utgåver til det næraste året. Styret vonar at jubileumsåret 2008 kan bli eit år som set varige spor etter seg og som kan knytte alle Todalingar enno nærare saman til heimbygda si.